onsdag 2. januar 2013

Raggsokk - my way

Det finnest så mange raggsokk-oppskrifter og alle er nesten like... nesten... 
 og etter å ha prøvd ut en del oppskrifter, har eg komme fram til "Raggsokker my way..."

Eg har kombinert litt frå ulike oppskrifter, og for all del; 
det er ingenting unikt med denne oppskrifta... !!!
og kanskje tenker du; 
"dette er jo slik eg også gjer det! "
Og det stemmer nok sikkert... :)
 Men eg skriver det ned, slik at eg har "mi" oppskrift tilgjengelig for seinare raggsokk-produksjon,
og hvis nokon har lyst å bruke "mi" oppskrift er jo det berre morro også... 
så her kommer deling av oppskrift på raggsokker slik eg strikker dei;


 Raggsokker  
*oppskrifta basert på garn mellanraggi frå Järbo garn.

 Dame (Herre) 
Legg opp 64 m på strømpepinner, til både dame og herre strømper.
Mellanraggi er litt elastisk så en kan bruke likt tal masker til både damer og herrer.
Strikk brot 2r og 2 vr i 20 cm


Hæl:
Ta alle maskene frå pinne 1 og 4 inn på samme pinne (tilsaman 32 masker)
 og strikk fram og tilbake i rettstrikk
til hælen måler ca 6 (6) cm
Husk at første maske på kvar omgang skal alltid takast laust av.

Så skal det felles til hælkile og her er det to måter;  

Måte 1:
Strikk 17 m rett, 2 m rett vridd samme, 1 r og snu
Løft 1 m laust av, strikk 3 vr, 2 vr sm, 1 vr og snu
Løft 1 m laust av, strikk 4 m rett, 2 m r vridd samme, 1 r og snu
Løst 1 m laust av, strikk 5 m vr, 2 m vr sammen, 1 vr og snu
Fortsett slik til du ikkje har fleire sidemasker igjen og du skal nå ha 18 m på pinnen.

Denne måten gjev ein slags "trekant" hæl- men veldig god på foten! 

Måte 2:
Strikk til det gjenstår 8 m, snu og strikk til det står igjen 8 masker
Snu og strikk til 1 m før forrige snuing, løft denne masken laust av, 
strikk 1 r og løft den lause masken over denne.
Snu og strikk til 1 m snuing på andre sida, strikk 2 m vr sammen, snu
Fortsett slik til det ikkje er fleire masker igjen.

Denne måten gjev ein meir "firkanta" hæl, - også god på foten! 

Vi må videre;
Fordel desse 18 m på to pinner, og plukk opp 16 m langs hælkanten, på begge sider, 
slik at du igjen kan begynne å strikke rundt på 4 strømpepinner.

På pinne 2 og 3: fortsett med 2r og 2 vr
På pinne 1 og 4 som blir under foten, strikk rettstrikk.
Dei 16 m som er plukka opp skal på første omgang strikkes vridd rett, på begge sider av foten.

Felling;
På pinne 1 og 4 skal det fellast slik annankvar gang 11 ganger, til ein tilsaman har 60 m på alle pinnane;
Pinne 1: strikk til 3 m gjenstar, strikk 2 m rett sammen, 1 r
Pinne 4: strikk 1 r, ta ei m laust av, strikk 1 rett og løft den lause masken over denne.
Fortsett med denne felleinga på annenkvar omgang, tilsaman 11 ganger, 
og då skal det være tilsaman 60 m fordelt på alle 4 pinnane.
Fortsett med r og vr på pinne 2 og 3 og rett strikk på pinne 1 og 4
til ønska lengde før tåfelling...

på min fot er det 16 cm, til mannen min sin fot 18 cm, målt frå bakerst på hælen... 
Tåfellinga frå den begynner til ferdig er ca 7 cm...

Tåfelling:
Strikk 1 om gang rettstrikk over alle 4 pinnane og fordel maskene
slik at ein får likt tall masker på alle fire pinnane.

Fortsett med felling slik;
1. og 3. pinne: strikk til det gjenstår 3 m, strikk 2 m sammen og 1 r
2. og 4. pinne: 1 r, 1 m laust av, strikk 1 m r og trekk den lause maska over denne, 
strikk r resten av maskene.

Fell annakvar omgang til det gjenstår 3 masker på kvar pinne,
tilsaman 12 masker. Dra tråden gjennom desse maskene og stram til.
Fest tråden godt på innsida av sokken.  


Og då er det berre å ta til på sokk nr 2, det er alltid bittelitt kjedelig.......
med mindre du er en racer på magic loop...
dit er ikkje eg komt endå, men kanskje 2013 blir året eg prøver det??? 





4 kommentarer:

  1. Kjempefine! Må bare bli kvitt denne influensaen, så skal jeg finne frem strikketøyet igjen. Har lyst til å prøve dette mellanraggi garnet, blir knallfine mønster helt av seg selv! ;)
    Takk for at du skrev ned oppskrifta, har alltid trøbbel med hælen, glemmer hvordan det gjøres...

    Klem,
    Aud

    SvarSlett
  2. Fine sokkar, og som du seier: det er jo slik eg gjer det. Berre litt rart å sjå det skrive ned - for det er jo slikt ein berre kan :o)

    SvarSlett