tirsdag 8. februar 2011

No knead bread...

Jau då... så vart eg hekta eg også....
på verdens enklaste men kanskje verdens beste brød også!
No knead bread....
Eg fekk tips om brødet av min kjære venn Aud,
og vi snakker ekte kjærlighet ved første blikk...

Vi har vore straumlause i dag, pga nok et snøras... sukk...
så brødet fekk iallefall 20 timars forheving, men det gjorde ingenting.... :o)


Eg steiker i leirgryte, sidan eg ikkje har jarngryte,
og det går heilt fint... men eg må bruke litt bakepapir i botn, for ellers set brødet seg fast.
Så må en også hugse på å legge leirgryta i vatn 2 timar før bruk.
Deigen skal jo etterheve i 2 timar, så det går i samme slengen...

Mmmm....nysteikt brød... fins det noko betre??


Til dette brødet har eg brukt:
400 g kveitemjøl
100 g grov kveite
2 ts salt
1/4 ts tørr gjær
4 dl vatn

For fleire oppskrifter og en flott video om framgangsmåte,
sjå denne flotte matbloggen;


lørdag 5. februar 2011

Min aller aller første fleecekjole....


Min aller første fleecekjole er ferdig... 
Veldig enkel og eg er ingen profesjonell syarske, 
den saken er grei...hahaha...
Men morro var det... 
Gledar meg til å ta fatt på neste... 
den blir off white og med armar.

Eg bestemte meg for å lage denne utan armar,
sidan det er så lenge sidan eg har sydd... 
så var det nok lurt å gjere det enklast mulig... *knis*


God lørdag...

God lørdag, herlig med lang lat formiddag og innevær. 
Har fått gjort en del husarbeid, 
og nå skal det kreative snart få blomstre.. 
Vi skal i bursdag til vår kjære svigerinne Anne, og då skal eg hente pakken min frå Stoff og Stil på veien heim...

Har kjøpt fleecestoff og mønster til kjole... 
Er mange år sidan eg var kreativ med symaskin, men gleder meg veldig til å prøve.
Strikketråden eg bestilte for leeenge sidan, 
er fortsatt ikkje komt... *snufs*
Håper det ikkje er forsvunne i posten... 

Har også eit spennande gjeste designer oppdrag for ei bedrift, 
som ikkje er stempelrelatert... 
Vert veldig spennande å prøve ut, det er heilt noko anna enn slik eg vanligvis arbeider meg scrapping...
Har førebels ikkje lov å seie noko meir... men skal sjølvsagt vise det fram når oppdraget er utført!

På salg fant eg denne nydelige korga med flasker i. 
hjerten eg også på salg, og sjølv om det kanskje er julepynt, så synest eg dei kan få stå framme heile året... 
dei passa så godt saman med korga.
Blomstrane kjøpte eg på ein blomsterforretning, 
men det er ikkje ekte altså... *knis*
Er nok flinkast med fake blomster gitt...


Ha ei fin helg!

tirsdag 1. februar 2011

Tapas og vin

På fredag inviterte eg mine gode kollegaer heim til meg 
på tapas og vin.
Tapasen fekk eg elvert frå vår lokale kafè 
og det smakte fortreffelig!

Stemninga var god og latteren sat laust, 
akkurat slik det alltid gjer med denne koselige gjengen

Når eg fortalte mine kollegaer om mine nyinnkjøpte veggord, kan ein trygt seie det vakte noko munterhet blant denne gjengen...  
så dei bestemte seg for å lage eit veggord til meg, 
som eg kunne ha i stova meinte dei..... 


For en herlig humor på denne gjengen....


tirsdag 25. januar 2011

"Ombygging av ei fotoramme"....

Før jul var vi til fotograf med heile familien...
og eg hadde lyst til å skifte ut bileta i denne råma frå
Black Design med dei nye bileta av ungane...
problemet var at det var berre 2 bileter i ståande format, 
og 3 råmer... 
Så då måtte det litt "ombygging" til....

Dei fine hjerta av tre/bark kjøpte eg på salg i en malia butikk.
Den vakre krona er vel eigentleg ein lysmansjett, 
og den kjøpte eg hos Hilde Heimdal.... 
og den er berre så nyyydelig!!
Trur eg må ha fleire av dei, så eg kan ha på kubbe lys også... :o)



Eg hadde også ei fotoråme liggande 
som eg ikkje hadde tatt i bruk endå,
Lurer på om eg kanskje kjøpte den på kremmerhuset 
for eit par år sidan... ????
...men no vart eit anna bilete av gull-trolla mine 
plassert i den....

lørdag 22. januar 2011

Skrifta på veggen.....


Endeleg kom pakken i posten... den etterlengta pakken, 
med veggskrift i....
Hilde Heimdal har dei nydeligaste veggskriftene, 
og dei kjem heilt utan ein glinsande kant rundt... 

 Synast teksten passar godt til bilete og 
det vart så mykje meir av veggen, 
med ein gang skrifta kom på.

Fekk også ei ny veggklokke i posten, men det var frå Ellos...
Lurer på om den kanskje ikkje går heilt rett, 
men pytt pytt... den er veldig vakker, 
så då tilgir eg den for det...



onsdag 19. januar 2011

I strikkemodus....

Etter at eg måtte senke aktivitetsnivået på kortlaging, 
har eg tatt opp igjen litt hobbyar frå tida før scrapping, 
og en av dei er strikking... 

Og eg kosar meg med pinnane i go'stolen, 
og føler meg mykje meir sosial med resten av familien, 
samtidig som eg får være kreativ... 
 
Eg oppdaga desse nydelige muffinsane hos superdyktige 
Julie Williams, og kjøpte umiddelbart oppskriftene...
fant også ei nettside med oversetting av 
strikkeuttrykk frå engelsk til norsk...
Det hjelper på når oppskriftene til Julie er på engelsk,
naturlig nok... 

Kjøpte også oppskrift på desse søte eggevarmerene;
Perfekt til påske... 
så da manglar eg berre tråd... 

Den bestilte eg i går, i alle mulige farger, så no vokter eg på postmannen og håper han snart dukker opp med sekken full av tråd...